Om Gullingen Utviklingsselskap
Gullingen utviklingsselskap AS blei stifta 21 februar 2007 av 12 grunneigarar i Mosvatnet/Gullingen området. Aksjeposten er fordelt proporsjonalt med storleiken på eigedomane, aksjane er ikkje omsettelege i marknaden, men er knytte til landbrukseigedomane. Selskapet sitt føremål er langsiktig og planmessig forvaltning av utmarksområdet til beste for grunneigarane, for hytteigarar og for samfunnet omkring. Aksjonærane har inngått gjensidig forpliktande og stedsevarig avtale om dette.
Føremål:
- Forvaltning av utmarksareal
- Arealplanlegging
- Infrastruktur
- Utbygging av fritidsbustader og reiselivsanlegg
- Omfang av utbygging skal balanserast mot alle relevante interesser i området, og på naturen sine premissar
- Utbygging av fritidsbustader og reiselivsanlegg
- Produktutvikling med god arkitektonisk design av bygningar og tekniske løysingar
- Fokus på kvalitet med nøktern og funksjonell standard
- Familievenlege løysingar