Ei tomt att i Myrlekvelven -Stavastølområdet

Tomtene i kvelvinga opp mot Stavastølen er nå selde med unntak av tomt 23 som ligg i Myrlekvelven. Denne tomta ligg mellom Stavastølvegen og Stavastølåno. Området er myrleg, men det meste av tomta ligg på fast berg, tett på naturen og med utsikt mot fjellheimen.

I tomtekjøpet inngår:

  • Parkeringsrett for to bilar på opparbeida parkeringsplass under Eldåsen
  • Vatn- og avlaupsleidningar fram til tomtegrense
  • Straumframføring fram til tomtegrense
  • Framføring av trekkerøyr for fiber
  • Oppmålingskostnader og frådelingskostnader
  • Meglarkostnader
  • Det inngår rett til å bruka Stavastølvegen mot årleg vedlikehaldsavgift til Stavastølvegen veglag.

Pris på tomta er kr 480. 000,-

Tilnytingsavgift for vatn og avlaup kjem i tillegg og skal betalast direkte til Suldal kommune.

 Kart med tomteoversikt. Det er berre tomt 23 som nå står ledig igjen i dette området.

Last ned

--> Arealstorleik og koordinatdata for alle tomtene
--> Reguleringsplan for Gullingen/Mosvatnet, Reguleringsbesemmelser
--> Plankart (8mb, pdf)